Silly Season Sunnmøre
1.2K posts

Silly Season Sunnmøre
@SillySeasonSFK
Følgjer overgangsmarknaden på Sunnmøre tett. Alt frå topp til lågaste breiddenivå! Overgangane vert henta frå https://t.co/z0rl5r8dcq og klubbane sine eigne kanalar.
Katılım Kasım 2024
0 Takip Edilen134 Takipçiler

🚨 DONE DEAL 🚨
Monday Gatluak Tut
Åmdal ➡️ Sande
Eit drygt halvår etter bror Gatlang signerte for sandssokningane gjer Monday det same. På 38 kampar for Åmdal i 6. divisjon, vart det 16 nettkjenningar for Tut, som vil prøve å kjempe seg inn i 5. divisjon.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Eric Johnsen
Herd ➡️ SIF/Hessa
Etter at Herd har forsterka troppen i 3. divisjon noko enormt siste tida, har ikkje Johnsen fått speltid på fjerde nivå endå og går tilbake til SIF/Hessa i 5. divisjon. Vart éin kamp og eitt mål i blått.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Eivind Strømsheim Kolve
AaFK ➡️ Jerv (lån)
Etter å ha fått særs lite speletid på utlån i Brattvåg i innleiinga av sesongen har AaFK henta Kolve tilbake og lånt han ut igjen til Jerv i 2. divisjon. Det vart berre ein dryg halv omgang i gult.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Thomas Andre Torsen
Bud ➡️ Sæbø
Torsen var sist aktiv for Bud sitt 7ar-lag i Nordmøre og Romsdal tilbake i 2013, om ein skal tru statistikken, men 13 år seinare snørar han på seg skoa igjen, denne gangen i Sæbø-raudt i 6. divisjon.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Mathias Sandøy
Harøy ➡️ Sæbø
Sandøy har 47 kampar for Harøy i 6. divisjon, men berre to av dei har kome sidan starten av 2023. To år etter førre kamp, vert det truleg Sæbø-debut på heimebane mot Hovdebygda 2 komande onsdag.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Ronnie André Furset
Sæbø ➡️ Volda
Furset har nokre kampar på ujamn basis siste åra, men har sidan 2012 notert seg for om lag 100 kampar og 26 mål for Stranda, samt 32 mål på 36 kampar for Sæbø, i alt frå 3.- til 6. divisjon. Volda 3 neste.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Marius Godø
Skodje ➡️ SIF/Hessa
Godø har ikkje statistikk å melde om, men i 2026 ligg han truleg an til å notere ned nokre kampar i 7ar-serien for SIF/Hessa 2, med mindre han plutseleg vert å sjå i 5. divisjon?
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Sebjørn Bostad Hersvik
Brattvåg ➡️ Hildre
Hersvik spelte sist aldersbestemt fotball for Brattvåg i 2020, men har aldri spelt eldre enn G16-fotball. Gjer seg klar for 7ar-fotball for Hildre i 2026.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Michel Jallow
Emblem ➡️ Aksla
Jallow spelte éin kamp for kvar av seniorlaga til Emblem i 2015, i 4.- og 6. divisjon. Elleve år seinare debuterte han for Aksla 2 i 1-2-tapet for Rollon 2 på Ratvika. Har også vore i Skarbøvik og Hessa.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Jonas Olsen Martinussen
Langevåg ➡️ Sula
Martinussen spelte seks kampar i 6. divisjon for Langevåg 2 tilbake i 2015, men har ikkje spelt sidan. Noterte seg for speletid i 4. divisjon for førstelaget i 2012, men skal no spele for nabo Sula.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Nikolai Brune Engeset
Nest-Sotra ➡️ Volda
Engeset er tilbake i Volda over 15 år etter førre gang. Har sidan det spelt i Herd, Steinkjer, Halsen, Mathopen og Nest-Sotra. Debuterte for Volda 3 mot Hovdebygda i 2-2-kampen borte onsdag kveld.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Sandra Gustavsen
Hødd ➡️ Hasundgot
Gustavsen gav seg i Hødd-drakta etter fjorårssesongen og stoppa på 64 kampar og 23 mål for dei blåkvite i 2.- og 3. divisjon. Går tilbake til moderklubben Hasundgot og spel i 4. divisjon.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Simon Marcus Sieminski
Gimletroll ➡️ Hasundgot
Det vart elleve kampar og to scoringar i den oransje Gimletroll-drakta i 5. divisjon i Agder for Sieminski, som er tilbake på Sunnmøre og skal spele 5. divisjon for Hasundgot.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Simon Pettersen Skytterholm
Blindheim ➡️ Ellingsøy
Skytterholm spelte sine fem første seniorkampar i fjor, for Blindheim 2 i 6. divisjon, men alle kom før sommaren. Er han tilbake i same divisjon, berre for gulkledde Ellingsøy i 2026?
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Linnea Buchardt
Brosundet ➡️ Aksla
Buchardt spelte fire kampar i 7ar-serien i Oslo for Brosundet etter overgangen motsett veg i fjor haust, men er tilbake i Ålesund og skal aksle Aksla/Guard-drakta nok ein gong i 4. divisjon.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Lone Strande
Nymark ➡️ Ørsta
Sidan ho gjekk motsett veg i fjor sommar, har Strande spelt sju kampar for Nymark i 4. divisjon i Hordaland og scora to mål. Vil pynte på sine 30 førstelagskampar for Ørsta.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Alpha Omar Jallow
Vadmyra ➡️ Aksla
Jallow har ein handfull kampar for alle fire seniorlaga til Vadmyra dei siste fire sesongane i 5.- og 7. divisjon. Har allereie debutert for Aksla 2 i 6. divisjon, i 1-2-tapet for Rollon 2 på Ratvika.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Emil August Standal Eliassen
AaFK ➡️ Aksla
Eliassen står med éin kamp i begge dei to føregåande sesongane for AaFK 2 i 3. divisjon, men har gått tilbake til moderklubben Aksla. Vert dermed truleg å sjå i 5. divisjon i 2026.
#sillyseasonsunnmore
Norsk

🚨 DONE DEAL 🚨
Niclas Sandnes Otterlei
Ravn ➡️ Hildre
Førre kamp for Otterlei kom i Brattvåg-gult for rekruttlaget i 5. divisjon tilbake i 2016, i eit 7-0-tap for Vartdal. I 2026 er han klar for comebacket til Hildre i 7ar-serien, 20 år etter førre kamp.
#sillyseasonsunnmore
Norsk